www.familierøtter.no - Innehaver og rettigheter: G Thorstein Diesen
Gustavus Blom
(1713-1777)
Susanne Christiane Enersdatter Reth
(1715-1771)
Peter Blom
(1743-1825)
Fredrikke Juliane Marie Stoud
(1758-1833)
Gustavus Peter Blom
(1785-1869)

 

Familiekoblinger

Ektefeller/Barn:
1. Anna Cathrine Collet Müller
2. Valborg Marie Ørn

Gustavus Peter Blom

  • Født: 4 Jul 1785, Hurum, Buskerud
  • Ekteskap (1): Anna Cathrine Collet Müller den 30 Okt 1805 i Strømsø kirke
  • Ekteskap (2): Valborg Marie Ørn
  • Død: 28 Okt 1869, Drammen, Buskerud 84 år gammel
bilde

punktmerke  Generelle notater:

Kilde: Wikipedia.


Blom var frå Hurum i Buskerud. Han var 3½ år på pastor Forchhammer sitt institutt ved Haderslev i Slesvig for å lære seg språk. Far hans hadde tenkt sonen skulle verte handelsmann, noko denne viste seg lite lysten på. Blom tok i 1807 juridisk eksamen og vart året etter sorenskrivar i Nordre Jarlsberg. År 1826 vart han byfut og byskrivar i Drammen. Deretter var han frå 1831 til 1857 amtmann i Buskerud.

Blom var med i riksforsamlinga på Eidsvoll 17. mai der han representerte Jarlsberg grevskap. Han høyrde til unionspartiet. Til stortinget vart han vald fyrste gongen i 1830, vidare var han stortingsmann 1833, 1836, på det overordentleg storting 1836-37, 1839, 1842 og 1848. Både i 1830, 1833 og 1836-37 var han formann i næringskomiteen. I 1839, 1842 og 1848 var han formann i næringskomite nr 1. Elles var han i 1830 formann i ein komite om brannvesenet, i 1833 var han formann i matrikkelkomiteen, i 1839 i komiteen om navigasjonslova.

Blom var 1823-38 medlem av hovudmatrikkelkommisjonen, og reiste då landet rundt. Også andre kongelege kommisjonar var han medlem av. Han sat i sølvverkskommisjonen for Kongsberg både i 1833, 1846 og 1853. Andre kommisjonar der han var representert var ein om bergsverkslova i 1837, om handelslova i 1838 og om fattigvesenet i 1843. Han var då på studiereise til Danmark, Tyskland, Nederland, Belgia, Frankrike og England for å sjå på fattigstellet der. Blom var så formann i kommisjonen om skogevesenet 1849-50, og i kommisjonen om sagbruksvesenet 1852.

1852 og 1852-53 var Blom medlem av interimsregjeringa.

Blom var ein aktiv forfattar. Viktigaste arbeidet hans er Bemerkninger paa en reise i Nordlandene 1827 frå 1830. To verk som nådde vidare ut var Das Königreich Norwegen, statisch beschrieben (1843) og Geschichte der Staatsveränderung Norwegens (1858). Det siste arbeidet kom elles på norsk i 1860, i ei større utgåve.

17. mai 1864 var han ein av fire eidsvollsmenn som tok del i feiringa av grunnlova. Han døydde i Drammen og vart gravlagd på Bragernes kyrkjegard.

De fikk 8 barn sammen.

bilde

punktmerke  Hendelser i hans liv:

• Yrke: Eidsvollsmann, 1814, Eidsvold, Akershus.


bilde

Gustavus giftet seg med Anna Cathrine Collet Müller, datter av Johan Collet Müller og Ukjent, den 30 Okt 1805 i Strømsø kirke. (Anna Cathrine Collet Müller ble født den 4 Jul 1785 i Hurum, Buskerud og døde i 1812 i Drammen, Buskerud.)


bilde

Gustavus giftet seg deretter med Valborg Marie Ørn.


bilde

www.familierøtter.no - Innehaver og rettigheter: G Thorstein Diesen


Innholdsfortegnelse | Etternavn | Navneliste

Disse sidene ble laget 4 Nov 2017 med Legacy 9.0 fra Millennia